Kort fortalt

Fleire hotellovernattingar

Auka turisme førte til fleire overnattingar i desember.

28.01.2022

Det var 1 million overnattingar ved norske hotell i desember. Talet på utanlandske overnattingar auka betrakteleg.

Det var til saman 1,3 millionar overnattingar hos kommersielle aktørar i desember 2021, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein oppgang på 50 prosent frå året før.

Særleg utanlandske overnattingar auka. Samanlikna med desember 2020 auka talet med 244 prosent til 320.000 overnattingar. Utanlandske overnattingar i hytter auka med 540 prosent i desember 2021.

Det var ein liten nedgang i norske overnattingar ved campingplassar med 3,3 prosent, men også her auka dei utanlandske betrakteleg. Det var 140 prosent fleire utanlandske overnattingar ved campingplassar i desember 2021.

Publisert: 28.01.2022 10:49

Sist oppdatert: 28.01.2022 10:50

Mer om