Kort fortalt

Fleire innbyggjarar og fleire jobbar

SSB: Talet på jobbar held tritt med befolkningsauken.

24.08.2023

(NPK-NTB): Frå juni til juli auka talet på lønnstakarar og jobbar med 11.500 i Noreg, men også befolkninga aukar.

Torsdag la Statistisk sentralbyrå (SSB) fram trendtala frå Arbeidskraftundersøkinga (AKU). Dei viser uendra andel sysselsette og arbeidsledige, sjølv om det har vorte fleire i jobb.

Det var 11.500 fleire jobbar i juli enn i juni, som svarer til ein auke på 0,4 prosent, den høgaste auken sidan september i fjor. Talet på lønnstakarar auka også med 0,4 prosent, ein auke på i underkant av 11.100 personar.

Talet på sysselsette har dermed auka omtrent i takt med befolkninga det siste året.

Både i juli 2022 og juli 2023 utgjorde dei sysselsette 70,1 prosent av befolkninga. Over same periode vart det 34.000 fleire sysselsette personar.

Andelen arbeidsledige held seg òg.

– Arbeidsløysa har lege stabilt på rundt 3,4 prosent sidan årsskiftet, etter ein periode med svak auke i 2022, seier Tonje Køber, seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn i SSB.

Det var 102.000 arbeidsledige i juli, ifølgje trendtala frå AKU.

(©NPK)

Publisert: 24.08.2023 14:10

Sist oppdatert: 24.08.2023 14:10

Mer om