Kort fortalt

Fleire innvandrarar i jobb eller utdanning

Nest høgaste andelen som er målt.

19.02.2024

(NPK-NTB): 65 prosent av nykomne innvandrarar som gjekk ut av introduksjonsprogrammet i 2021, var i jobb eller utdanning innan november året etter, ifølgje SSB.

Det er den nest høgaste andelen som er målt sidan starten av introduksjonsprogrammet i 2004, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).

Programmet har som mål å gi nykomne innvandrarar grunnleggjande ferdigheiter i norsk, og dessutan innsikt i det norske samfunnet, for å førebu dei til jobb eller utdanning.

I same periode auka andelen kvinner i arbeid eller utdanning med 8 prosentpoeng frå 50 til 58 prosent. Auken for menn var litt mindre, frå 70 til 75 prosent.

– Auken for begge kjønn samla er lågare enn for kvinner og menn kvar for seg. Dette kjem først og fremst av at kvinneandelen blant dei som har avslutta introduksjonsprogrammet, har auka frå 49 prosent i 2020-kullet til 58 prosent i 2021-kullet, skriv SSB.

(©NPK)

Publisert: 19.02.2024 09:01

Sist oppdatert: 19.02.2024 09:01

Mer om