I tiårsperioden 2009 til 2019 auka delen heiltidstilsette i kommunesektoren frå 48 til 55 prosent, ifølgje ein ny rapport.
Kvart år gir ut Kommunesektorens organisasjon (KS) tilstandsrapporten Status Kommune – der folk bur. Rapporten fortel korleis det står til i kommunane og fylka og kva endringar og utfordringar som ventar.
I samband med årets rapport skriv Kommunal Rapport at delen heiltidstilsette auka frå 48 til 55 prosent mellom 2009 og 2019.
Det er likevel store forskjellar mellom dei ulike tenesteområda. Utfordringane er særleg store innan dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Der jobbar dei fleste turnus. Berre 26 prosent av dei som arbeider i turnus, hadde heiltidsjobb i 2019, skriv avisa.
I rapporten peikar KS på at også kommunesektoren står overfor gjennomgripande endringar i tida framover. Eksempelvis blir der nemnt ein sterkare og varig kultur for heiltid, å få redusert sjukefråværet, nye måtar å løyse oppgåvene på og digital omstilling.
Publisert: 12.04.2021 16:50
Sist oppdatert: 12.04.2021 16:52