Kort fortalt

Fleire jobbar i staten

Har auka meir enn i resten av samfunnet

18.09.2023

(NPK-NTB): Talet på tilsette i statsforvaltninga har dei siste åra auka meir enn i resten av samfunnet, viser ein fersk rapport.

Mellom 2017 og 2022 voks statsforvaltninga med 7,8 prosent (12.674 tilsette), skriv Aftenposten. Tala er henta frå ein rapport frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).

Til samanlikning auka det samla talet på sysselsette i Noreg med 6,5 prosent i den same perioden.

Særleg er det kunnskapssektoren der talet på tilsette har auka mest, og denne sektoren står åleine for 70 prosent av veksten i perioden. Det er ved høgskulane og universiteta at veksten har vore størst.

– Det finst fleire moglege forklaringar, men både strukturreforma og koronapandemien kan forklare delar av veksten, meiner DFØ-direktør Hilde Singsaas.

(©NPK)

Publisert: 18.09.2023 11:09

Sist oppdatert: 18.09.2023 11:09

Mer om