Kort fortalt

Fleire laks døydde i oppdrettsanlegg

– Vi er ikkje der vi vil vere.

07.02.2023
(NPK-NTB): I 2022 døydde 58 millionar laksar i norske oppdrettsanlegg, ein auke på éin million laksar frå året før.

Det kjem fram av Havforskingsinstituttets årlege risikorapport som tek for seg dødelegheit og utfordringar i havbruksnæringa.

– Vi er ikkje der vi vil vere, vi bør ned mot ti prosent eller lågare før vi er fornøgde, seier forskar og rapportredaktør Ellen Sofie Grefsrud ved Havforskingsinstituttet til E24.

I fjor vart det sett ut 15 millionar laksar meir enn året før, totalt 390 millionar laksar. Denne auken er også ein del av årsaka til at fleire laksar døydde inne i sjølve oppdrettsanlegget.

– Samtidig ser vi at dødelegheita ser betre ut lenger nord, men der har ein også problematikk med vinterår, seier Grefsrud til IntraFish.

I nord er dødelegheita på rundt 10 prosent. Dødelegheita er høgast på Vestlandet, der ho har vore oppe i 27 prosent. Dødelegheita er større der fordi dei har hatt meir lakselus- og sjukdomsproblem.

(©NPK)

Publisert: 07.02.2023 09:02

Sist oppdatert: 07.02.2023 09:09

Mer om