Kort fortalt

Fleire lånekundar søkjer avdragsfritak

30.08.2023

(NPK-NTB): Dei store bankane opplever pågang frå kundar som søkjer om avdragsfritak på lån. Sjeføkonom i DNB meiner det er naturleg når rentekostnadene aukar.

– Vi ser ein viss auke i talet på søknader om avdragsfritak, seier konserndirektør for kommunikasjon, samfunn og berekraft Stein Vidar Loftås i Sparebank 1 Nord- Noreg til NRK.

Også Nordea ser ein markant auke i søknader om avdragsfritak på lån.

Dersom du får innvilga avdragsfritak, betaler du berre kostnadene med å ha lån, og utset nedbetalinga av sjølve lånet. Men det er meint som ei mellombels løysing.

– Det er meint for å hjelpe deg over ei mellombels kneik, og blir gitt for maks seks månader. Viss ein plutseleg får ei auka utgift, til dømes ein bilreparasjon eller at ein må byte ei vaskemaskin, sånn at ein i ein kort periode treng avdragsutsetjing, seier Loftås.

Tidlegare i august offentleggjorde sentralbanken renteavgjerda. Noregs Bank hevar styringsrenta til 4 prosent. Måndag var DNB første storbank som følgde opp, og sette opp renta med 0,25 prosentpoeng.

DNB opplyser at banken gjennom perioden med renteaukar har hatt ein jamn auke i søknader om avdragsfritak, men at det framleis er eit lågt nivå og ingen stor auke.

Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB forklarer at avdragsfritak er ein av måtane låntakarar kan skjerme seg frå effekten av høgare rente på.

– Dei kan også refinansiere låna sine og få ei lengre løpetid. Det er ting som mjuknar slaget som kjem frå høgare renter, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 30.08.2023 14:55

Sist oppdatert: 30.08.2023 14:55

Mer om