Kort fortalt

Fleire må ha lærlingar

Lærlingkrav blir innført for fleire statlege verksemder.

NPK
04.02.2022

Frå januar i år har regjeringa innført krav om at alle statlege verksemder med meir enn 75 tilsette til kvar tid skal ha minst éin lærling.

– Det er framleis for mange elevar som ikkje får tilbod om læreplass. Med dette kravet viser vi at staten meiner alvor, og vil ta sin del av ansvaret for at unge får fullført utdanninga si, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i ei pressemelding.

Torsdag vart Forsvaret tildelt prisen for årets beste statlege lærebedrift i 2021. I grunngivinga blir det framheva at Forsvaret utmerkjer seg ved å gjere arbeidet med rekruttering av lærlingar kjent for andre i og utanfor verksemda, og at om lag 40 prosent blir tilbodne tilsetjing etter ferdig læretid.

– Gjennom denne ordninga har Forsvaret teke inn sivile lærlingar med hol i CV-en eller ulike typar funksjonsnedsetjingar. Eg håpar mange andre verksemder vil la seg inspirere av dette, seier Gram.

Prisvinnaren får 10.000 kroner og eit diplom.

– Eg er stolt over å vere ein del av dette miljøet og har ei ektekjend ære over å vere mottakar av denne prisen, seier oberst Pål Harald Svarstad, nestkommanderande i Forsvarets personell- og vernepliktssenter.

Publisert: 04.02.2022 01:40

Sist oppdatert: 04.02.2022 01:41

Mer om