(NPK): Fiskeridirektoratet har avdekt fleire regelbrot i vinterfisket, som i år har historisk låge kvotar.
Under kontroller har det blitt avdekt avvik mellom innrapportert fangst på havet og på land. Dette kjem fram fordi fleire fiskarar rapporterer fangst med feil omrekningsfaktor, sjølv om fartøya har vekt om bord, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
Direktoratet har tidlegare informert om at ubearbeidd fangst skal rapporterast i rund vekt, utan omrekning.
– Mange av fartøya har vekt om bord, men likevel rapporterer dei fangstane med faktor for sløgd fisk, seier Torkjell Andersen, seksjonssjef for fiskerikontroll og rettleiing i Fiskeridirektoratet, i meldinga.
Kontrollane har fokusert på fiskemottak i Lofoten, Vest-Finnmark og Vesterålen, der Fiskeridirektoratet, Kystvakta og Noregs Råfisklag gjennomfører inspeksjonar. Inspektørane meiner det er mangel på respekt for regelverket frå fiskarar og næringa generelt.
(©NPK)
Publisert: 26.03.2025 13:41
Sist oppdatert: 26.03.2025 13:41





