Nesten full stopp i flytrafikken
AUKE: – Kombinasjonen av jobb- og feriereiser gjer at juni som oftast er månaden med mest trafikk, men i år ser vi at juli har litt høgare volum, seier Gaute Skallerud Riise i Avinor. Foto: Kjetil Haanes
Kort fortalt

Fleire reiste i år enn i fjor

Men flytrafikken har enno ikkje kome tilbake til nivåa frå før pandemien.

Linn Antonie Vårdal Solheim
11.08.2023

4,8 millionar passasjerar nytta Avinor sine lufthamner i juli. Dette er 15 prosent fleire enn i juli i fjor, men 5 prosent færre enn same månad i normalåret 2019.

Så langt i år har juli vore månaden med flest reisande.

Det melder selskapet i ei børsmelding fredag.

2 268 000 passasjerar reiste innanlands i juli. Dette er 17 prosent fleire enn i juli 2022. Trafikken utanlands, med 2 528 342 passasjerar, har auka med 14 prosent samanlikna med i fjor, men er framleis 8 prosent lågare enn i juli 2019.

– Det er ein markant auke i antal reisande samanlikna med i fjor, både innanlands og utanlands. Årsaka kan nok i stor grad forklarast av streikane i luftfarten her i landet og utfordringane på flyplassane i Europa i fjor sommar, seier trafikkdirektør i Avinor, Gaute Skallerud Riise.

Publisert: 11.08.2023 14:46

Sist oppdatert: 11.08.2023 14:46

Mer om