Kort fortalt

Fleire sov på hotell i november

Utanlandske overnattingar drog mest opp.

08.01.2025

(NPK): Det blei registrert nesten 2 millionar overnattingar på hotella i november i fjor, ein auke på nesten 11 prosent frå november 2023.

Det opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Utanlandske overnattingar auka med så mykje som 34 prosent, medan norske overnattingar auka med 5,9 prosent. Det var 87.000 fleire norske og 105.000 fleire utanlandske hotellovernattingar i november 2024 samanlikna med november 2023.

– November er tradisjonelt ikkje ein stor feriemånad, likevel ser vi ein auke i overnattingar med ferie og fritid som formål på hotella i nesten alle fylka. Dette kan tyde på at reiselivsnæringa har lukkast med å utvide sesongen, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå i artikkelen på nettsidene deira.

– Ei framleis svak norsk krone kan ha bidratt til auken i utanlandske overnattingar, legg ho til.

(©NPK)

Publisert: 08.01.2025 11:36

Sist oppdatert: 08.01.2025 11:36

Mer om