Fleire sparer i aksjefond
Sparer meir under pandemien.
Sidan pandemien kom i mars 2020, har norske hushald kvar einaste månad spart meir i aksjefond enn månaden før. Totalt er sparinga meir enn dobla.
267 milliardar kroner var ved utgangen av november plasserte i aksjefond av norske hushald. I mars 2020 var talet 125 milliardar kroner, ifølgje tal frå Verdipapirfondenes forening som NRK har henta inn.
Foreininga opplyser at nesten kvar annan nordmann no sparer i aksjefond, mot ein av tre tidlegare.
Forskar Christian Poppe ved Forbruksforskningsinstituttet Sifo opplyser samtidig at det er 16 prosent av hushalda som ikkje har høve til å spare.
– Sparing er eit fenomen som er betydeleg skeivfordelt i samfunnet. I løpet av pandemien er spareevna vorte betydeleg redusert blant dei som er mest utsette økonomisk i samfunnet seier han.
Publisert: 30.12.2021 09:55
Sist oppdatert: 30.12.2021 09:56