Kort fortalt

Fleire straumselskap lurer kundane

Oversikt frå Forbrukarrådet.

15.01.2024

(NPK-NTB): Det er store forskjellar i kva straumsalselskapa tek for å selja straum, ifølgje Forbrukarrådet. Dei ber straumkundar undersøkja forskjellane.

– Selskapa speler opplagt på den manglande innsikta til forbrukarane, eller lurer kundane inn i avtalar dei ikkje skjønner. Straum er straum, og dei færraste ønskjer å betala meir enn dei må, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

Oversikta til Forbrukarrådet viser at påslaget til selskapa varierer frå 0 til 26 øre, noko som utgjer ein forskjell på over 4000 kroner i året med eit standardforbruk på 16.000 kWh.

– Det er absurd at det er så store prisforskjellar for å selja eksakt same produkt. At fleire selskap også prakkar på kundane sine unødvendige tilleggstenester, slik som «straumforsikring» og «grøn straum», hjelper heller ikkje, seier Blyverket vidare.

Den klare tilrådinga deira er å sjekka avtalen ein har på Forbrukarrådets samanlikningsteneste.

– Her finn du oversikt over alle straumavtalane i marknaden. Namnet på avtalen din finn du på fakturaen eller på «Mi side» hos straumsalselskapet. Sjølve bytet er gjort med få tastetrykk og blir ordna av det nye selskapet ditt, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 15.01.2024 10:05

Sist oppdatert: 15.01.2024 10:05

Mer om