Kort fortalt
Fleire søkarar til land- og havbrukstutdanning
Rekordmange får tilbod om studieplass.
27.07.2021
(NPK): Aldri før har så mange fått tilbod om studieplass til hausten. Talet på søkarar innan land- og havbruk har auka med 6,4 prosent.
Fredag 23. juli publiserte Samordna opptak årets tal for hovudopptaket til høgare utdanning. 2021 vart eit rekordår for talet på søkarar som har fått tilbod om studieplass.
Frå 2019 til 2020 auka talet på søkjarar med 17 prosent for land- og havbruksfag. Det vil seie studiar i landbruk, fiskeri, akvakultur, skogbruk eller jordbruk som sitt førsteval.
I år auka tala ytterlegare 6,4 prosent, frå 1101 førstevalssøkjarar i fjor til 1172 førstevalssøkjarar i år.
<p>(©NPK)</p>
Publisert: 27.07.2021 10:39
Sist oppdatert: 27.07.2021 10:40