Kort fortalt

Fleire søker avdragsfriheit

Dobling sidan i vår, iføgje Nordea.

19.12.2022

(NPK-NTB): Ein gjennomsnittleg husstand med to barn får 3000 kroner mindre å rutte per månad neste år, ifølgje ei berekning frå Nordea.

Randi Marjamaa, leiar for personmarknad i Nordea, fortel til NRK at fleire nordmenn vil gå eit tøft økonomisk år i møte med høgare renter, dyrare mat og straum.

– Mange må tilpasse forbruket sitt for å kunne handtere situasjonen, seier ho til NRK.

Nordea har i år hatt ei dobling av kundar som har søkt avdragsfritak.

– Det var vore ei dobling sidan i vår, og søknadene har auka gradvis utover hausten, fortel Marjamaa.

Avdragsfritak vil seie at du i ein periode ikkje betaler avdrag på lånet, berre renter og kostnader.

– Viss det er ein varig auke, slik som rentene no tilseier, så bør ein helst tilpasse forbruket, og heller spare avdragsfritaket, seier Marjamaa.

I 2023 kjem forbruket til å gå ned. Det meiner Noregs Bank som sette opp styringsrenta på torsdag. No er ho oppe i 2,75 prosent, det høgaste nivået sidan 2009.

Men det stoppar ikkje der: Noregs Bank varslar ei ny heving til 3 prosent i første kvartal. Der vil renta truleg bli liggjande før ho daler svakt i 2024. Det vil bety ei bustadlånsrente på mellom 4 og 4,5 prosent, ifølgje sentralbanksjefen.

(©NPK)

Publisert: 19.12.2022 07:53

Sist oppdatert: 19.12.2022 08:37

Mer om