Kort fortalt

Fleire trur pandemien blir langvarig

Få trur på rask betring

19.07.2021

(NPK-NTB-Alexander Vestrum) Nesten halvparten av dei spurde trur koronapandemien her i landet vil vare i opptil eitt år til, ifølgje undersøkinga Norsk koronamonitor.

I undersøkinga oppgir no 18 prosent at dei trur koronautbrotet i Noreg vil vare i opptil eitt halvt år til, medan 46 prosent seier opptil eitt år.

20 prosent trur det vil ta to år, medan 16 prosent meiner det vil ta endå lengre tid.

Over 36.000 nordmenn er spurde i undersøkinga, som blir gjennomført av Opinion.

Delen av befolkninga som trur at pandemien varer berre opptil eit halvt år til, har falle med heile 15 prosentpoeng sidan juni.

– Det er ingen tvil om at stadig fleire blir vaksinerte, men nordmenn trur ikkje lengre at det nødvendigvis betyr slutten på pandemien, seier seniorrådgivar Nora Clausen i Opinion.

Vurderinga til folk av kor lenge pandemien vil vare i Noreg no er ganske lik med gjennomsnittet for alle målingane gjort under heile pandemien så langt.

Den største endringa finn vi i gruppa som ventar at pandemien varer i meir enn to år til, og der ligg delen no 5 prosentpoeng over gjennomsnittet for alle målingar så langt.

Den siste veka oppgir 44 prosent at dei trur talet på nye tilfelle av koronasmitta i Noreg vil auke.

29 prosent trur på reduksjon, medan resten trur talet blir ståande uendra. Delen som ventar auka smitte framover har hatt aukande trend dei siste fem vekene.

Publisert: 19.07.2021 11:08

Sist oppdatert: 19.07.2021 11:09

Mer om