(NPK): Det er 400 innbyggjarar i Eidsdal i Fjord kommune. No førebur bygda seg på å ta imot 3600 gjester gjennom sommaren, skriv NRK.
– No ser det ut til at det blir cruiseanløp her i Eidsdal i slutten av juni. Det er ingen grunn til å tru noko anna, seier Kirsti Indreeide, dagleg leiar i Stolte Anton AS, som jobbar med mat og reiseliv i bygda.
Det er planlagt fire anløp med rundt 900 gjester kvar gong. Indreeide fortel at Eidsdal blir opplevd som dødt i periodar, og at det då blir lite grunnlag for å drive næringsliv.
– For å ha sysselsetjing og busetjing så må ein ha berekraftig og lønnsam drift, og då må ein ha kundar.
Det vil dei verkeleg få kjenne på i sommar.
– Vi veit at cruise kan vere veldig interessant økonomisk, og så er det også ein del utfordringar som ein må vere klar over. No har vi jobba ganske nøye gjennom alt som må til for å vere klar, seier Indreeide, og legg til at det er Eidsdal næringsutvikling AS i Eidsdal som har ansvaret for å ta i land cruisegjestene.
(©NPK)
Publisert: 20.05.2025 11:51
Sist oppdatert: 20.05.2025 11:51





