(NPK): Nye trendar i arbeidsmarknaden viser at fleire tilsette i offentleg sektor vurderer å skifte til privat næringsliv, ifølgje den årlege jobbundersøkinga til Finn.no.
Undersøkinga avdekkjer at 44 prosent av dei offentleg tilsette ville vurdert eit jobbtilbod i privat næringsliv, ein auke frå 41 prosent i 2023 og 36 prosent i 2021. Hovudårsakene til dette skiftet er høgare løn, betre karrieremoglegheiter og auka fleksibilitet i privat sektor, skriv Finn i ei pressemelding.
– Tryggleik og stabilitet har lenge vore offentleg sektor sitt sterkaste kort, men dette er ikkje lenger ein eksklusiv fordel, seier Christopher Ringvold, jobbanalytikar og leiar i Finn jobb.
Undersøkinga viser også at mangfald og inkludering har blitt viktigare faktorar for jobbsøkjarar. Så mange som 6 av 10 norske arbeidstakarar meiner at dette er avgjerande når dei vurderer ein arbeidsgjevar.
– Arbeidsgjevarar som evnar å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, skil seg ut i kampen om dei beste talenta, seier Sumeet Singh, leiar for Diversity, Inclusion and Belonging i Schibsted.
(©NPK)
Publisert: 27.02.2025 13:04
Sist oppdatert: 27.02.2025 13:04