Kort fortalt

Fleire vil ha fastrente på bustadlånet

Bankane melder om kraftig auke i etterspurnaden.

16.01.2025

(NPK-NTB): Stadig fleire går til banken og ber om fastrente på bustadlånet, ifølgje Noregs Banks undersøking for fjerde kvartal.

Bankane melde i tredje kvartal om ein kraftig auke i etterspurnaden etter fastrentelån. I siste kvartal i fjor var det framleis auke i etterspurnaden, men ikkje like stor som i førre kvartal, viser utlånsundersøkinga til Noregs Bank.

Bankane trur etterspurnaden etter fastrentelån kjem til å falle litt i første kvartal i år.

– Etterspurnaden etter lån frå hushald var om lag uendra i fjerde kvartal 2024, og bankane ventar om lag uendra etterspurnad i første kvartal 2025, skriv sentralbanken i oppsummeringa si.

Bankane ser ikkje for seg nemneverdige endringar i kredittpraksisen i første kvartal – med unntak av når det gjeld førsteheimslån. Her ventar dei lettar som følgje av endringar i utlånsforskrifta. 

Styresmaktene har lempa noko på eigenkapitalkravet – frå 15 prosent til 10 prosent – noko bankane går ut frå vil føre til at fleire kan få lån til bustadkjøp. 

– Lågare eigenkapitalkrav gjer at bankane forventar å få fleire inn på bustadmarknaden i tida som kjem. Dette vil også vere med på å stimulere etterspurnaden etter bustader og bustadprisane, seier sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i Sparebank 1 Sør-Noreg til NTB.

Han peikar dessutan på at omfanget av avdragsfritak er uendra og er venta å halde seg stabilt i første kvartal.

– Slik eg ser det, er dette eit positivt teikn og viser at folk har god kontroll på økonomien, seier han.

(©NPK)

Publisert: 16.01.2025 10:41

Sist oppdatert: 16.01.2025 10:41

Mer om