Kort fortalt

Fleire vil ha lågare fart på vegen

Ber om 90 kilometer i timen – ikkje 110.

21.03.2022

(NPK-NTB): Naturvernforbundet, Bondelaget, og NAF gjer felles sak med MDG og foreslår at norske motorvegar bør har fartsgrense på 90 kilometer i timen – ikkje 110.

Dei tre organisasjonane har skrive brev til samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap), skriv Dagsavisen.

– Konkret ber vi om høgare terskel for når det skal byggjast firefeltsveg, meir bruk av to- og trefeltsveg med midtrekkverk og ein ny standard for firefeltsveg med 90-grense, seier kommunikasjonssjef Camilla Ryste i NAF.

I tillegg til at det vil gjere det billigare å byggje veg, vil det òg føre til lågare klimagassutslepp, mindre arealinngrep, mindre støy og lågare ulykkesrisiko, skriv dei i brevet.

MDG vil gå hakket lengre og ha 90 som nasjonal fartsgrense, ikkje berre på nye vegar, ifølgje avisa. Nestleiar Arild Hermstad seier det òg ligg ein økonomisk gevinst i dette for dei som køyrer både store og små bilar.

– Det vil vere eit godt energisparingstiltak for både fossilbilar og elbilar og for tungtransporten. Det vil gi lågare drivstofforbruk og dermed òg lavar rekningar, seier han.

Reduserte fartsgrenser var eit av forslaga frå Det internasjonale energibyrået (IEA) sist veke for å få ned oljeforbruket i industrialiserte land.

(©NPK)

Publisert: 21.03.2022 08:06

Sist oppdatert: 21.03.2022 08:07

Mer om