(NPK-NTB): Arbeidsgivarar ser for første gong på over to år så lyst på framtida at dei er positive til å auke bemanninga, viser ei undersøking.
Ifølgje Manpowers arbeidsmarknadsbarometer for fjerde kvartal 2016, er optimismen aller størst i det offentlege, men ein ser også positive teikn i det private, melder .
– Verksemder med meir enn 250 tilsette er dei mest optimistiske. Det er eit nytt teikn, fordi dei har brukt å vere dei mest negative. Når dei store bedriftene varslar at dei vil tilsetje fleire er det viktig for arbeidslivet generelt, seier konsernsjef i ManpowerGroup Maalfrid Brath.
– Vi må heilt tilbake til byrjinga av 2014 for å finne liknande positive tal, seier ho.
Av dei 751 arbeidsgivarane som deltok i undersøkinga, svarer 8 prosent at dei forventar å auke bemanninga, 4 prosent ventar å nedbemanne og 86 prosent svarer at dei har planar om å halde oppe det same bemanningsnivået som i dag. Vidare svarer arbeidsgivarar i sju av ni bransjar og i fire av fem regionar at dei skal oppbemanne det neste kvartalet. (©NPK)

Publisert: 13.09.2016 18:37
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44