Normprisrådet er eit råd som skal fastsette kva laksepris oppdrettselskapa skal bruke som utgangspunkt for å rekne ut overskotet det skal betalast såkalla grunnrenteskatt av - ein ekstraskatt på oppdrett i sjø.
Innvending frå oppdrettsnæringa er at dei risikerer å betale skatt av eit overskot dei ikkje har, fordi den reelle prisen dei sel laksen til kan vere ein annan enn normprisen. Ei anna innvending er at normprisen favoriserer sal i spotmarknaden i staden for på lange kontraktar, der pris og mengde er avtalt på førehand.
Høgre sitt framlegg er at normprisrådet skal avviklast men det var det berre dei borgarlege partia som støtta.
Les også
Publisert: 25.03.2025 15:48
Sist oppdatert: 25.03.2025 15:48