Fleirtal for tiltak mot straumprisar
Hastebehandling på Stortinget.
Ap og Sps parlamentariske leiarar, Rigmor Aasrud og Marit Arnstad, opplyser at dei to partia vil stemme for SVs forslag.
Samtidig har SV og Høgre vorte samde om eit felles forslag som Stortinget skal stemme over torsdag ettermiddag.
«Stortinget ber regjeringen umiddelbart, innen utløpet av oktober, legge fram forslag om midlertidig styrking av bostøtten og sosialhjelp for å sikre at folk med dårlig råd har penger til å betale de høye strømregningene som er på vei», heiter det i forslaget.
– Naturleg å stemme for
– Det er viktig at folk får hjelp til å dekkje dei høge straumrekningane sine. Og regjeringa har jo allereie varsla at det kjem ein proposisjon til Stortinget, slik at vi kan auke bustøtta og sosialhjelpa. Derfor er det naturleg for oss å stemme for forslaget som SV har lagt fram, seier Arbeidarpartiets parlamentariske leiar Rigmor Aasrud til NRK.
Det blir lagt opp til ei hastebehandling på Stortinget, opplyser Arnstad, og planen er at han blir behandla i statsråd fredag, og at dei endelege vedtaka kan treffast i Stortinget neste veke.
Kirsti Bergstø (SV), leiar av arbeids- og sosialkomiteen, meiner det er nødvendig å setje ein kort frist.
– Mange vil slite med straumrekningane både for oktober, november og desember, derfor hastar det å få på plass ei løysing for å hjelpe dei som har det aller vanskelegast, seier Bergstø i ei pressemelding.
– Treffer breiare
Høgre fremja onsdag eit forslag som var nesten likt med SVs, men melde torsdag at dei hadde gått saman med opposisjonspartiet på venstresida.
– I tillegg til å auke bustøtta foreslår vi å auke sosialhjelpa for dei som har store straumutgifter. Vi veit at fleire slit med dei høge straumprisane, og vi treng tiltak som treffer ei breiare gruppe av dei som har minst i samfunnet, derfor meiner vi regjeringa òg må sjå på sosialhjelpa, seier Henrik Asheim (H).
Forslaget skal stemmast over torsdag ettermiddag. Også Frp, MDG og Raudt har fremja ulike forslag som skal sørgje for at straumrekninga blir lågare.
(©NPK)
Publisert: 21.10.2021 14:23
Sist oppdatert: 21.10.2021 14:25