Kort fortalt

Fleirtalet støttar SAS-pilotane

58 prosent av befolkninga støttar pilotane i SAS-streiken.

13.07.2022

Det viser ei ny undersøking Norstat har gjort for NRK.

– Eg skjønner behovet for streiken og støttar han. Eg støttar sjølvsagt at ein får kompensert for arbeidet ein gjer og at ein får det ein fortener i lønn, seier Fridtjov Martin Fjelstad Fyksen til NRK.

Han er ein av fleire som støttar pilotane. Ei ny undersøking Norstat har gjort for NRK viser at 58 prosent av befolkninga støttar pilotane i streiken.

Undersøkinga viser også at 23 prosent ikkje kva part dei støttar, og at 20 prosent av befolkninga seier dei ikkje støttar pilotane som er i streik.

900 pilotar er i streik. Det rammar 30.000 passasjerar dagleg.

Onsdag har SAS og pilotane teke opp att forhandlingane.

Publisert: 13.07.2022 17:45

Sist oppdatert: 13.07.2022 17:47

Mer om