Kort fortalt

Flest hytter selt under prisantyding

Fleire utanlandske kjøparar.

11.01.2024

(NPK-NTB): Meir enn to av tre hytter vart selde under foreslått pris i fjor, viser nye tal. Talet på utanlandske kjøparar held fram å auke.

69 prosent av hyttene i Noreg vart i fjor selde under foreslått pris, mot 55 prosent året før. Det viser tal Prognosesenteret og Eiendomsverdi, skriv Dagens Næringsliv.

Om lag 11 prosent av hyttene gjekk til foreslått pris, medan 20 prosent gjekk over.

Ifølgje Tone. C. Krange, segmentsjef for fritidsbustader i DNB Eiendom, aukar talet på utanlandske kjøparar, ein trend dei allereie har sett nokre år.

– Totalveksten i fjor var på 3,6 prosent, men på alpindestinasjonane var auken på heile 5,2 prosent. Dette er ei pengesterk kjøpargruppe, som har gjort sitt inntog både som hytteeigarar og i utleigemarknaden, seier Krange.

– ​Den typiske norske hyttekjøparen akkurat no, er hushald frå dei store byane med god økonomi, legg ho til.

(©NPK)

Publisert: 11.01.2024 09:27

Sist oppdatert: 11.01.2024 11:03

Mer om