Flypbillettprisane rett opp
Det siste året har prisane på flybillettar i Noreg auka med 55 prosent,
Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Tala som P4 har henta inn frå SSB, viser at prisane på flybillettar har gått rett til vêrs – det siste året har prisane stige heile 55 prosent.
Flyanalytikar i WinAir, Hans Jørgen Elnæs, trur nordmenn må belage seg på at dagens prisar blir den nye normalen.
– Flyselskapa har vore gjennom den verste perioden i historia deira, og no har tida komme for å ta igjen tapte inntekter.
Det gjer dei på billettprisane, meiner analytikaren.
– Dermed må folk må rekne med at tida med gi-bort prisar på flyreiser no er forbi. Samtidig som det blir dyrare å flyge no enn før pandemien, seier Elnæs til radiokanalen.
Publisert: 14.04.2023 09:47
Sist oppdatert: 14.04.2023 09:47