Flyselskap fjernar munnbind
Frå måndag fjernar Norwegian munnbindkrav på alle flygingane sine.
SAS gjer det same, med unntak av flyreiser til USA, Kina og Italia.
– På grunn av ytterlegare lettar i dei fleste europeiske land, fjernar selskapet krav om bruk av munnbind om bord på alle flygingane, uansett reisemål. Dette er første gong selskapet opphevar kravet på alle flygingar sidan det vart innført den 17. juni 2020, skriv Norwegian i ei pressemelding.
Dei ber samtidig alle reisande vere merksame på at det framleis er munnbindpåbod på mange flyplassar rundt om i Europa.
Også SAS går tilbake til prosedyrar slik dei var før pandemien, opplyser selskapet i ei pressemelding. Frå måndag blir munnbindkravet fjerna på alle flygingar med unntak av reiser til USA, Kina og Italia.
Publisert: 01.04.2022 19:38
Sist oppdatert: 01.04.2022 19:39