NPK: På rekordtid har Eidsdal blitt ny cruisehamn – under namnet «Geiranger» då cruiseskipa forureina for mykje for Geirangerfjorden, melder NRK
I løpet av kort tid har den vesle nabobygda Eidsdal fått cruiseavtale med Viking Cruise.
– No har det skjedd akkurat det vi åtvara om, seier Rita Maraak, hamnesjef i Geiranger til NRK.
Ho siktar til at cruisetrafikken har byrja å flytte seg til nærliggjande hamner for å omgå dei komande miljøkrava i verdsarvområda.
Over halvparten av utsleppa frå skipsfart i verdsarvkommunane Stranda og Aurland kjem frå cruise. Derfor har regjeringa innført krav om nullutslepp for mindre passasjerbåtar frå 2026, og frå 2032 også for store båtar.
Utanfor verdsarvområda finst det derimot inga tilsvarande regulering – og cruiseselskapa har fått auga opp for alternative hamner som Eidsdal.
Også i Aurland skjer det same: Skip som ikkje oppfyller miljøkrava i Flåm, går i staden til Vik.
Hamnesjefar og lokalpolitikarar ber no regjeringa om å innføre strengare reglar for cruisetrafikken i heile landet. Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Astrid Hoem, seier dei først og fremst vil sikre naturverdiane i verdsarvfjordane, men peikar på at store internasjonale omstillingar i cruisenæringa er på veg fram mot 2050.
Publisert: 21.07.2025 12:33
Sist oppdatert: 21.07.2025 12:33





