Kort fortalt

Folk flest får mindre å rutte med

Ei vanleg familie får 17.400 kroner mindre å rutte med.

11.10.2022

Auka lønn strekk ikkje til for å dekkje opp for den rekordhøge prisveksten. Eit vanleg hushald vil gå minst 17.400 kroner i underskot i år.

Ifølgje SSB hadde eit vanleg hushald i 2020 ei samla inntekt etter skatt på 544.600 kroner.

Prisveksten det siste året ligg på 6,9 prosent. For at det vanlege hushaldet skal ha like mykje å rutte med, måtte inntektene etter skatt ha auka med 37.500 kroner, skriv FriFagbevegelse.

Ved lønnsoppgjeret vart det avtalt ei økonomisk ramme på 3,7 prosent, som kan gi 20.100 kroner meir inn på kontoen, viss skatten er den same.

Dermed manglar familien 17.500 kroner for å kjøpe dei same varene og tenestene som i fjor.

I tillegg kjem mellom anna dei høge renteutgiftene.

– Vi har hatt fleire år med låge renter, låg prisstigning og reallønnsvekst. Den tida er over. Etter feite år kjem magre år, seier forbrukarøkonom Magne Gundersen i Sparebank 1.

Publisert: 11.10.2022 10:13

Sist oppdatert: 11.10.2022 10:14

Mer om