Kort fortalt

- Folk føler seg lurt

Det meiner Forbrukarrådet om pakkereiselover.

19.03.2021

Forbrukarrådet etterlyser tilbakebetaling til dei som fekk pakkereisa si avlyst før selskapet gjekk konkurs. – Forbrukarane føler seg snytt, seier dei.

Fleire pakkereiseselskap har gått konkurs som følgje av pandemien. Eit utval sett ned av barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) skal undersøkje reglane for tilbakebetaling av avlyste feriar.

Forbrukarrådet meiner regelverket vart feilpraktisert i fjor. Dei reagerer òg på at det i mandatet frå utvalet blir hevda at forbrukarane ikkje har krav på pengane sine viss reisa vart avlyst før selskapet gjekk konkurs.

– Vi har derfor skrive til Ropstad og stiller oss til disposisjon for å bidra med perspektivet til dei det handlar om; nemleg forbrukarane, seier direktør Inger Lise Blyverket i Forbrukarrådet.

Ho peikar på at folk har bestilt pakkereise i trygg forvissing om at pengane kjem tilbake igjen dersom selskapet går konkurs. Men dette tryggingsnettet rakna i fjor, og forbrukarane føler seg snytt, seier ho.

Reisegarantifondet skal sørgje for ei trygg tilbakeføring av pengane i slike situasjonar. Men dei som fekk reisa si avlyst før selskapet gjekk konkurs, har ikkje fått ei einaste krone, ifølgje Forbrukarrådet.

– Det er både uforståeleg og urimeleg etter Forbrukarrådets vurdering. Vi meiner det òg må gjelde når reisa var avlyst før konkursen, som på grunn av korona i fjor, seier Blyverket.

Publisert: 19.03.2021 18:22

Sist oppdatert: 19.03.2021 18:23