Kort fortalt

Ventar ny koronabølgje

Folkehelseinstituttet (FHI) fryktar ei ny koronabølgje som kjem av minkande immunitet i befolkninga.

12.10.2022

Dette skriv dei i vekerapporten for veke 39 og 40, som vart lagt fram onsdag.

Ifølgje FHI har smittespreiinga vore relativt stabil dei siste vekene i Noreg. Grunnen til at dei likevel vurderer situasjonen som uføreseieleg, er at smittespreiinga aukar og fleire blir lagd inn på sjukehus i fleire europeiske land.

Dette fryktar instituttet kan vere starten på ei bølgje som kjem av nye variantar, minkande immunitet i befolkninga og kaldare vêr.

Dei skriv det er usikkert kor stor bølgja blir i Noreg, men at det truleg blir meir smitte, og at helseinstitusjonane må vere førebudd.

FHI oppgir desse tala i rapporten:

* Det vart registrert 89 nye pasientar med covid-19 i veke 40 og 102 i veke 39, etter 96 i veke 38.

* Til samanlikning vart det registrert 983 innleggingar med luftvegsinfeksjonar i veke 39, etter høvesvis 1126 og 1143 i veke 38 og 37.

* Det er førebels rapportert om 7 akuttinnleggingar i veke 40, etter 6 dei to tidlegare vekene.

* Det er førebels registeret 27 covid-19 relaterte dødsfall i veke 40 og 22 i veke 39. Tala kan bli oppjusterte.

Kommunane tilbyr no ein fjerde vaksinedose til sjukeheimsbuarar, alle som er 65 år eller eldre og dessutan risikogrupper i alderen 18 til 64 år.

Vaksinedekninga i befolkninga samla sett for 1., 2. og 3. dose er oppgitt til høvesvis 78, 72 og 54 prosent. Så langt er det likevel berre 11 prosent som har fått den fjerde dosen.

Publisert: 12.10.2022 16:42

Sist oppdatert: 12.10.2022 16:59

Mer om