Denne helga tredde det norske hamneforbodet i kraft. Det betyr at russiske fartøy ikkje får bruke norske hamner som følgje av invasjonen i landet av Ukraina.
Forbodet gjeld for skip over 500 bruttotonn som seglar kommersielt i internasjonal fart, yachtar og enkelte lystfartøy og fritidsfartøy. Også russiske skip som er omregistrerte til andre flagg etter 24. februar vil vere omfatta, skriv regjeringa.
Til forskjell frå EU har Noreg valt å spesifisere at alle fiskefartøy er unntatt. Det betyr at forbodet ikkje er til hinder for at fiskefartøy kan lande fisk og gjennomføre mannskapsbyte.
– Det er ingen tvil om at Noreg sluttar opp om sanksjonane som no rammar det russiske regimet, men vi er òg forplikta til å samarbeide om forvaltinga av fiskebestandane i Barentshavet, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Russiske fartøy som er omfatta av sanksjonane vil få tilgang til norsk hamn dersom det er eit nødstilfelle. Forbodet blir gjennomført for hamnar på Fastlands-Norge, men ikkje på Svalbard.
Publisert: 09.05.2022 09:14
Sist oppdatert: 09.05.2022 09:14