Den samla forbruksgjelda til nordmenn er no på 153,8 milliardar kroner etter eit fall på 1,5 milliardar den siste månaden.
– Det er det lågaste vi har registrert sidan vi byrja å måle tal, seier dagleg leiar Egil Årrestad i Gjeldsregisteret til Finansavisen.
Sidan det første koronatilfellet vart oppdaga i Noreg for eitt år sidan, er forbruksgjelda til nordmenn redusert med heile 20 milliardar kroner.
Årrestad trur innføringa av gjeldsregistera og strengare krav til utlånspraksisen til bankane har betydd ein del. Men koronasituasjonen er òg ei viktig forklaring.
– Det er openbert at den vedvarande koronasituasjonen med lågare forbruk, uvisse og økonomiske utfordringar for mange, medfører redusert pengebruk og framleis nedgang i forbruksgjelda, seier Årrestad.
(©NPK)
Publisert: 03.03.2021 08:42
Sist oppdatert: 03.03.2021 08:43