Forbruksgjeld på 151,8 milliardar
Auka med 1,4 milliardar i november.
I november var det ein auke i forbrukslån på 1,4 milliardar kroner her i landet. Dei yngste står for den største prosentvise auken i kredittkortgjelda.
Den samla forbruksgjelda til nordmenn er i dag på 151,8 milliardar kroner.
– Auken i november kan komme av kjøp av litt større kapitalvarer og refinansiering av andre kredittar, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon i ei pressemelding.
I november voks folks kredittkortgjeld med 400 millionar kroner. Her er det dei unge som står for den største prosentvise auken.
Men den renteberande kredittkortgjelda er redusert med 2,5 milliardar, og den rentefrie bruken av kredittkortgjeld har auka med 3 milliardar i perioden.
– Sjølv om det er ein auke i forbrukslån, er det positivt å sjå at den renteberande kredittkortgjelda søkk i ein månad der det har vore mykje sal. Vi håpar at denne trenden også held fram i desember trass i julehandelen som står framfor oss, seier Karstensen.
Publisert: 02.12.2022 07:50
Sist oppdatert: 02.12.2022 07:51