Kort fortalt

Forbruksgjelda aukar

Samla gjeld er over 150 milliardar.

02.08.2021

Per 1. august har nordmenn ei total forbruksgjeld på 151,2 milliardar kroner. Det er ein auke på 1,8 milliardar kroner samanlikna med for ein månad sidan.

Den totale forbruksgjelda ligg trass i auken 8,6 milliardar under det ho gjorde ved inngangen til året, viser tal frå Norsk Gjeldsinformasjon.

– Som venta aukar forbruksgjelda etter at samfunnet har opna opp og mange har vore på ferie. Men auken er relativt svak og gir ikkje grunn til bekymring, seier Gry Nergård, forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge i ei pressemelding.

Tala for august viser elles at kredittkortbruken har auka med éin milliard kroner den siste månadene og er no på 19,7 milliardar kroner. Dette er nytta kreditt som ikkje har forfalle til betaling enno.

Publisert: 02.08.2021 12:36

Sist oppdatert: 02.08.2021 12:37