Kort fortalt

Forbruksgjelda aukar

Men dei fleste betalar ved forfall.

22.04.2023

Forbruksgjelda har auka med 3 milliardar så langt i år, ifølgje Norsk Gjeldsinformasjon.

Ifølgje Norsk Gjeldsinformasjon har forbruksgjelda stige jamt sidan årsskiftet. I dag er ho på like over 152 milliardar kroner.

– Trass i auken i den totale forbruksgjelda, så stig ikkje den renteberande kredittkortgjelda. Dette viser at kredittkortgjelda i stor grad blir betalt ved forfall, noko som er veldig positivt, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i Norsk Gjeldsinformasjon.

Det har vore ein liten reduksjon i talet på personar som har kredittkort, og ein liten auke i dei som har forbrukslån.

Publisert: 22.04.2023 03:36

Sist oppdatert: 22.04.2023 03:36