Forbruksgjelda til nordmenn har vorte redusert med nesten 19 milliardar kroner sidan samfunnet stengde ned i mars i fjor.
Nye tal frå Norsk Gjeldsinformasjon viser at forbruksgjelda blant nordmenn går ned. Sidan årsskiftet er forbruksgjelda redusert med 6,9 milliardar kroner.
Folks totale usikra gjeld utgjer i dag nesten 153 milliardar kroner mot 171.9 milliardar på same tid i fjor, opplyser Finans Norge.
Tala viser likevel ein auke i ikkje-renteberande gjeld på 1,5 milliardar kroner sidan førre månad, noko som truleg kjem av kredittkortbruk i samband med påska.
– Viss folk gjer slik dei har gjort det siste året, vil denne kreditten bli innfridd ved neste forfall, seier Gry Nergård, forbrukarpolitisk direktør i Finans Norge.
Sidan mars i fjor har òg talet på personar med usikra gjeld minka med nesten 17.100.
– Det viser nok at nordmenn har vore flinke til å prioritere nedbetaling av dyr gjeld i pandemien, samtidig som koronatiltaka har medverka til nedbremsing for aktivitetar som til vanleg er finansierte via forbruksgjeld, seier Nergård.
Publisert: 06.04.2021 12:04
Sist oppdatert: 06.04.2021 12:05