Kort fortalt

Forbyr sal av fossilbilar frå 2035

Fossibilstopp i EU.

28.10.2022

EU-parlamentet og ministerrådet vart torsdag samde om at ingen nye bensin- og dieselbilar skal bli selde i EU frå 2035.

– Vi har akkurat avslutta forhandlingane om utsleppsnivå for bilar, skriv Pascal Canfin, som leier miljøkomiteen i EU-parlamentet, på Twitter.

– Ei historisk EU-avgjerd for klimaet som stadfestar målet om 100 prosent utsleppsfrie bilar innan 2035, legg han til. Ein talsperson for Tsjekkia, som har presidentskapet, stadfesta semja.

Avgjerda skal vurderast på nytt i 2026. Forbodet er del av EUs planar om å kutte utsleppet av klimagassar med 55 prosent innan 2030, samanlikna med 1990-nivå. Målet på sikt er klimanøytralitet innan 2050.

Spørsmålet om å forby fossilbilar frå 2035 har vore omdiskutert, og særleg den tyske regjeringa har motsett seg det.

VDA, som er interesseorganisasjonen til tysk bilindustri, kritiserer avgjerda.

– Det er meiningslaust å setje mål for perioden etter 2030 utan å kunne gjere passande justeringar basert på noverande utviklingar, seier VDA-president Hildegard Müller i ei fråsegn. Ho viser vidare til utvidinga av ladeinfrastruktur, avhengnad av råmateriale i produksjon og om det kan genererast nok fornybar energi.

– EU må no omgåande gå på offensiven med vilkåra under desse rammene, seier ho.

Publisert: 28.10.2022 07:42

Sist oppdatert: 28.10.2022 07:44

Mer om