Kort fortalt

Foreslår 2,3 milliardar meir til veg

Oppe i totalt 33 milliardar.

06.10.2016
(NPK-NTB): Regjeringa foreslår å auke løyvingane til vegformål med 2,3 milliardar kroner til i alt 33 milliardar kroner på statsbudsjettet neste år.
Auken er på 7,3 prosent samanlikna med saldert budsjett for 2016. Meir enn halvparten av dei 29,9 milliardane som blir foreslått til Statens vegvesen går til riksveginvesteringar, og ein tredel til drift og vedlikehald.
Det statlege aksjeselskapet Nye Veier skal få 3,1 milliardar til tre prosjekt neste år. Løyvingane til tunnelar aukar med 350 millionar kroner til 2,5 milliardar kroner over budsjettet til Samferdsledepartementet.
Regjeringa vil også bruke 659 millionar kroner til skredsikring av riksvegar og 688 millionar kroner på skredsikring av fylkesvegar neste år. (©NPK)

Publisert: 06.10.2016 11:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44