Kort fortalt

Foreslår billigare ferje

Og fleire ferje blir gratis.

06.10.2022

(NPK-NTB): Regjeringa vil gjere fleire ferjesamband gratis, og auke rabatten på ferjer langs riks- og fylkesvegar, erfarer Dagsavisen.

Vidare foreslår regjeringa å auke rabatten på ferjebilletten frå 30 prosent til 50 prosent.

Ifølgje avisa vil statsbudsjettet innehalde ein auke i ferjesatsinga på 390 millionar kroner frå fjorårsbudsjettet. Det vil seie ein totalpakke på 420 millionar kroner som skal gå til gratis ferjer og billigare billettar, skriv Dagsavisen.

I fjorårsbudsjettet vart ferjer på alle samband med under 100.000 passasjerar årleg gjort gratis. I kommande budsjett blir det foreslått å utvide ordninga til å omfatte attståande ferjesamband til lokalsamfunn og øyar utan vegsamband – i hovudsak samband med over 100.000 passasjerar.

(©NPK)

Publisert: 06.10.2022 08:59

Sist oppdatert: 06.10.2022 09:01

Mer om