Foreslår nytt klimamål for Noreg
Miljødirektoratet tilrår at Noreg bør redusere utslepp av klimagassar med minst 80 prosent i 2035.
I 2025 skal alle land melde inn forsterka klimamål under Parisavtalen for perioden etter 2030.
I ein ny rapport bestilt av Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet vurdert både ambisjonsnivå og moglege innretningar av målet som skal meldast inn til FN.
Dei tilrår at Noreg bør ha som mål å redusere utslepp av klimagassar i 2035 tilsvarande minst 80 prosent av nasjonale utslepp i 1990.
– Parisavtalen er tydeleg på at industrialiserte land må gå føre, og vi meiner at målet må vere i storleiksorden 80 prosent kutt i 2035 for at det skal kunne kan reknast som ein rettferdig del av globale reduksjonar, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.
Miljødirektoratet meiner også at Noregs ambisjonsnivå bør ta utgangspunkt i det lågaste temperaturnivået i Parisavtalen – å avgrense temperaturauken til 1,5 grader.
Publisert: 29.11.2023 13:38
Sist oppdatert: 29.11.2023 13:38