Fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal foreslår å slå saman Stranda med Sykkylven og Tingvoll med Sunndal frå 2027.
– Alle skolane vil framleis ha eit lokalt undervisningstilbod, blir det understreka i framlegget som no blei lagt fram for politisk behandling.
– Då saka blei lagt ut på høyring i sommar, vurderte fylkeskommunedirektøren mellom anna å legge ned både Stranda vgs og Tingvoll vgs, blir det opplyst.
Etter høyringa, der det kom inn 134 svar, er det gjort ei ny vurdering og lagt vekt på distriktsomsyn og lokale innspel, heiter det vidare.
Fylkeskommunedirektøren minnar samtidig med at ein må vere klar til å gjere nye vurderingar og justeringar i perioden 2026–2040.
Fylkestinget avgjer saka 9.-10. desember opplyser fylkeskommunen i ei melding.
Publisert: 29.10.2025 12:36
Sist oppdatert: 29.10.2025 12:36






