I ei uttale frå fylkesutvalet i Møre og Romsdal ber politikarane regjeringa om meir pengar på fleire område.
Underfinansiering i ferjedrifta er punkt nummer éin – og Møre og Romsdal fylkeskommune sin største økonomiske utfordring. Eit anslag tilseier at ferjedrifta på fylkesvegane er underfinansiert med kring 140 millionar kroner, ifølgje uttalen.
Politikarane ber om ein forpliktande plan på minimum ti år for tilskotsordninga til kravet om null- og lågutslepp i båt- og ferjedrifta.
Vidare ber dei om styrking av vedlikehald til fylkesvegar, kompensasjon for tunnelsikring, ras- og skredsikring og grunnleggjande norskopplæring for minoritetsspråklege .
Det blir også sett fram krav om at Runde Miljøsenter kjem tilbake på statsbudsjettet, og det blir sett av planleggingsmidlar til nytt fengsel i Ålesund og midlar til oppstart av «sjukehusvegen» E39 Astad-Bjerkeset og E39 Volda-Furene i statsbudsjettet for 2026.
Les heile uttalen her (ekstern lenke)
Publisert: 28.10.2025 12:11
Sist oppdatert: 28.10.2025 12:11






