Forlenger billettordning på ferjene
Vil framleis ha smittefri billettering.
Regjeringa vil forlenge den mellombelse lova som gjer det mogleg med smittefri billettering på ferjene.
– Smittesituasjonen er uføreseieleg og det er nødvendig å forlenge enkelte tiltak for å redusere spreiinga av covid-19-viruset. Derfor gjer vi det mogleg med skiltgjenkjenning eller Autopass-brikke som betaling for ferjereiser òg utover i 2022. Denne ordninga gjer det tryggare både for passasjerane og ferjemannskapet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, i ei pressemelding.
Regjeringa legg fram forslag om å forlenge den mellombelse lova som gjer det mogleg med smittefri billettering på ferjene. Dei legg opp til at ordninga kan vare fram til 1. juli 2022.
Den mellombelse lova gir Statens vegvesen og fylkeskommunane moglegheit til å nytte skiltgjenkjenning eller Autopass-brikke for å kunne krevje inn betaling for ferjereiser i staden for manuell betaling.
Ordninga har vore i bruk sidan april 2020, noko som har vore viktig for å kunne drifte ferjene med nødvendig mannskap og samstundes sikre inntekter frå ferjene, skriv regjeringa.
Publisert: 10.12.2021 12:45
Sist oppdatert: 10.12.2021 12:46