NPK: Hurtigruten Norge og Samferdselsdepartementet forlenger avtalen om gods- og passasjertrafikk mellom Bergen og Kirkenes. Hurtigruten Norge stiller igjen med alle fem skipa i kystruta.
Pandemien og reiserestriksjonar førte i 2020 til at Hurtigruten Norge måtte redusere drifta av rutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes til eit minimum. Ein tilleggsavtale med staten har sikra auka aktivitet og anløp annankvar dag i første kvartal. Denne avtalen vert no forlengd ut juni månad.
Forlenginga betyr at dei 34 hamnene langs den tradisjonsrike ruta mellom Bergen og Kirkenes framleis vil få anløp omtrent annankvar dag. Hurtigruten Norge har fem av sine sju skip i avtalen med staten i drift.
Publisert: 25.03.2021 14:55
Sist oppdatert: 25.03.2021 14:57