Kort fortalt

Forlik i byggestrid

Ålesund Bygg og Riksheim Consulting samde før rettsak.

30.01.2024

Striden mellom Ålesund Bygg og Riksheim Consulting handla om ansvaret for at eit omsorgsenterbygg i Haram brukte meir energi til oppvarming enn venta.

Ålesund Bygg har tidlegare inngått forlik med kommunen og betalt 1,9 millionar kroner i erstatning. Selskapet gjekk til sak mot Riksheim Consulting og kravde 2,4 millionar kroner i erstatning, fordi enterprenørselskapet meinte den auka energibruken skuldast feil i råda frå Riksheim Consulting.

No har partane inngått forlik, ifølgje ein kjennelse frå Møre og Romsdal Tingrett. Kva forliket går ut på er ikkje opplyst.

Publisert: 30.01.2024 12:45

Sist oppdatert: 30.01.2024 14:18

Mer om