Kort fortalt

Forlik med oppsagt sjømann

Reiarlag unngjekk rettssak.

04.01.2023

Reiarlaget Island Offshore og ein tidlegare sjømann har inngått forlik, etter at den tilsette meinte seg usakleg oppsagt.

Det melder Sunnmørsposten.

Søksmålet den tilsette hadde retta mot den tidlegare arbeidsgivaren, kom dermed aldri opp for Møre og Romsdal tingrett. Saka dreia seg om stillingsvern i samband med ein lengre sjukemeldingsperiode.

Publisert: 04.01.2023 08:52

Sist oppdatert: 04.01.2023 08:54

Mer om