Kort fortalt

Fornyar Polarsyssel-kontrakt

Sysselmesteren på Svalbard skal leige faretøyet Polarsyssel i fem nye år, frå og med 2026.

29.09.2023

Kontrakten kan bli ytterlegare forlenga i to pluss to år, ifølgje ei melding frå Sysselsmesteren.

Det islandske reiarlaget Fafnir på får betalt 233.000 kroner dagen for å leige ut fartøyet.

Konkurransen om å leige skipet vart lagt ut på anbod, ein konkurransen Fafnir vann. Pris vart vekta 70-80 prosent, tilleggskvalitar på fartøy og utstyr 5-15 prosent og leveranserisiko 10-20 prosent ifølgje Sysselmesteren.

Publisert: 29.09.2023 16:55

Sist oppdatert: 29.09.2023 16:55