Kjetil Hoydal Tomas Skulstad FMA Pierre Major Foto Marius
UTFORDRING: Maritim klyngeleder Pierre Major (t.h.) Blue Maritime,, utfordra Kjetil Høydal (t.v.) og Thomas Skulstad (midten) frå Forsvarsmateriell (FMA) i arbeidet med å bygge nye standardfartøy under konferanse i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Maritim klyngeleiar utfordrar Forsvarsmateriell

Vil ha digitale tvillingar frå starten i arbeidet med dei nye standardfartøya

Marius Rosbach
10.03.2026

Klyngeleiar Pierre Major i Blue Maritime Clüster meiner forsvaret bør ta i bruk digitale tvillingar frå starten når dei nye standardfartøya skal utviklast og byggjast.

Industrien på Nordvestlandet er mellom dei som er spente på prosessen – og fleire selskap frå regionen er inne mellom deltakarane som skal konkurrere om design og konseptutvikling av dei nye fartøya.

Førre veke fortalde Kjetil Høydal og Thomas Skulstad frå Forsvarsmateriell (FMA) om arbeidet under Ship Technology Days i Ulsteinvik.

– Vi ønskjer å forenkle alle aspekt ved drifta. I går fekk vi besøke Ulstein-konsernet og vi såg at vi tenkjer mykje likt, sa Høydal. 

Han oppmoda samtidig leverandørar og aktørar i bransjen til å ta kontakt om dei hadde innspel til prosessen. 

Vil ta i bruk digitale modellar
Høydal understreka at Forsvarsmateriell vil fungere som eit reiarlag når det gjeld bygginga av dei opptil 28 fartøya. 

Han fortalde at dei vil ta i bruk digitale modellar for å følgje prosessen undervegs – «frå vogge til grav», som han sa under konferansen.

Dei vil tidleg starte arbeidet med å legge et grunnlag for å utvikle digitale tvillingar – men dette er ikkje tenkt å vere eit krav. 

– Vi kan ikkje gå ut og seie at vi skal ha ein digital tvilling frå starten av, sa Høydal under sitt innlegg. 

ULSTEIN Navy2025 illustrasjon ulstein design og solutions
FLEIRE KONKURRENTAR: Fleire selskap frå Norvestlandet er med i konkurransen om å utvikle nye standardfartøy til forsvaret. Ulstein Design & Solutions si skisse for korleis nye skip skal sjå ut. Illustrasjon: Ulstein Design & Solutions

– Bør ha krav frå starten av
Det fekk klyngeleiar Pierre Major i Blue Maritime Clüster til å reagere – og kom med ei klar melding til duoen frå Forsvarsmateriell etterpå. 

Han meiner digitale tvillingar bør inn allereie tidleg i løpet, og at det vil vere krevjande å systematisere eit slik arbeid seinare. 

– FMA bør ha krav frå starten av til både fysisk og 3D-modellar med interoperabilitet, slik at nå ein ny leverandør kjem med eit nytt våpen eller system, så går det an å teste både om det passar fysisk med båten og med programvare, fortel Major til Nett No.

Klynga verdsleiande på simulering
Klyngeleiaren meiner ein slik strategi kan korte ned utviklingsløpet og kostnader betydeleg – og påpeiker at den maritime klynga er verdsleiande når det gjeld å simulere operasjonar. 

– Det løner seg spesielt for avanserte operasjonar ingen har  gjort før. Det sparar tid, reduserer operativ risiko og sparar millionar av kroner, legg han til. 

Blue Maritime Clüster-sjefen meiner samtidig det var mykje oppløftande i bodskapet frå Forsvarsmateriell. 

– Eg opplever at dei er mottakelege for innovasjon, seier Major. 

Militaere skip foto sjoforsvaret 11
FÆRRE TYPER FARTØY: Det norske forsvaret satsar på færre type fartøy i framtida. Sjøforsvaret skal kjøpe nye fregattar frå Storbritannia og bygge inntil 28 standardiserte fartøy i to storleikar. Illustrasjon: Sjøforsvaret

Modulbaserte fartøy
Kjetil Høydal i Forsvarsmateriell kom med nye detaljar om arbeidet i sitt innlegg – som han bad om at det ikkje blei teke bilde av. 

– Både skipsbyggjarindustrien og vi er klare for å løyse dette, sa han innleiingsvis. 

Den overordna tankegangen med skipa er at det skal vere enkelt å ta i bruk ulike modular for å endre utrustninga for skipa. 

– Det blir eit system av fleire system som skal kunne koplast på fartøyet sin digitale infrastruktur, sa Høydal. 

Autonome system og kunstig intelligens vil vere sentralt. Det same er kravet til enkelt og tilgjengeleg vedlikehald. 

– Ønsker å heile tida ha innsyn
Høydal hadde plansjar som skisserte ein arbeidsmetode der ein nyttar designhus og konfigurasjonsstyring.

Ved verftet skal formenn og arbeidsleiarar bruke 3D-modellar som styringsverktøy i byggeprosessen. 

– Vi i FMA ønsker å heile tida ha innsyn i desse modellane, slik at vi kan følgje med på kva som skjer, sa han.

– Datamengda og auken av sensorar vil auke enormt, la Høydal til. 

Publisert: 10.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 10.03.2026 01:14

Mer om