Inger Mari Tryggestad foto Ingers Trans
KRAFTIG AUKE: Siden Inger Mari Tryggestad og dei andre i Ingers Trans møtte koronabremsa for nokre år sidan, har omsetninga om lag firedobla seg. Foto: Ingers Trans
Nytt

Har firedobla omsetninga sidan koronabremsen

– Sjølvsagt fornøgd med resultata, seier sjefen for turbusselskap med stø vekstkurs.

Marius Rosbach
11.03.2026

Turbusselskapet Ingers Trans i Stranda har drive sidan 2010, heile tida med Inger Marie Tryggestad med handa på rattet i bedrifta. 

Fjoråret blei det beste nokon gong for bedrifta som sysselsette 7 årsverk, med 19 sjåførar i sving i alt.

– Dette er først og fremst eit resultat av mykje arbeid over tid, flinke sjåførar og gode samarbeidspartnarar, opplyser Tryggestad til Nett No. 

– Eg er sjølvsagt fornøgd med resultata, legg ho til. 

Nytt hopp i omsetninga
Omsetninga gjorde eit hopp frå 18 millionar i 2024, til 24 millionar kroner 2025. Rekordåret kjem på toppen av fleire år med kraftig vekst i kjølvatnet av koronabremsa i 2020. 

I pandemiåra omsette selskapet for 5 og nær 7 millionar – før inntektene tok til å skyte fart. Sidan er dei om lag firedobla.

Også lønnsemda var solid i fjor med eit resultat før skatt på 3,4 millionar (sjå tabell under). Det svarar til ein driftsmargin på nær 14 prosent. 

Ingers Trans AS  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt2418,3
Driftsresultat3,51,5
Resultat før skatt3,41,3

– Oppdrag i fleire delar av landet 
Selskapet har både turbussar, minibussar og drosjebilar som køyrer i alt frå nærområde kring basen i Stranda – til lengre turar til utlandet. 

Tryggestad fortel at eit utvida tilbod ligg bak veksten. 

– Mykje av grunnen er breidda i oppdraga våre, både cruiseturisme, charter og faste oppdrag som skuletransport, fortel ho. 

– I tillegg har vi oppdrag i fleire delar av landet, noko som gir meir stabil drift gjennom året og fleire køyredagar i sesongen. Samtidig er det fint å kunne skape arbeidsplassar og bygge eit godt miljø rundt verksemda, legg ho til. 

Inger Marie Tryggestad eig 70 prosent av aksjane i selskapet, medan Oddbjørn Overoll eig 30 prosent. 

Ingers Trans hadde ved utløpet av 2025 ein eigenkapital på 10 millionar og 3,1 millionar i langsiktig gjeld, viser årsmeldinga. 

Publisert: 11.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 10.03.2026 22:00

Mer om